MINNEORDET BARNEBARNA LA FRAM I GRAVFERDA
Bestefar Sigve vart fødd 10. juni.1939 i Bødalen i Vik. Foreldra til bestefar var Otto og Kari. Bestefar vaks opp på ein gard på Midlang saman med seks søstre (frå eldst og nedover); Kari Serine (kalla Nina), Sigrun, Martha, Solveig, Bertha og Sunniva. Dei to eldste søstrene har tidlegare gått bort. Bestefar var nummer tre i søskenflokken, og gjekk på Bødalen skule.
I sin ungdom, jobba bestefar ein periode som snekkar hjå ein onkel, og han likte godt dette arbeidet.
I 1959-61 var bestefar i militæret, mesteparten av tida på Ørlandet i Trøndelag. I 1960 gifta bestefar seg med bestemor Gudny. Bryllaupet var eit dobbelbryllaup i Bergen Domkyrkje, saman med systera til bestefar, Martha, og hennar ektemann Ingolv. To år seinare kom sonen Otto til verda, og Geir vart fødd i 1965. Same år som Geir vart fødd, kjøpte bestefar og bestemor gard på Vangsnes. Våningshuset på garden måtte pussast opp, og det var noko som Bestefar gjorde heilt åleine.
Bestefar var svært hjelpsam og omgjengeleg. Borna hugsa godt at familien hadde sau, griser og kyr på garden på Vangsnes. Onkel Otto og pappa minnast særleg våronna og siloslåtten, som fellesarbeid, der heile familien måtte trå til. Alt arbeidet knytte familien tettare saman sjølv om det også var strevsamt.
I tillegg til husdyrhald, dreiv bestefar og bestemor med dyrking av både frukt, jordbær og bringebær. Plukking av bær, og sal på ferjekaien på Vangsnes, er også blant dei gode sommar-minna som onkel Otto og pappa dreg fram. Dei er samde om at alt arbeidet på garden var svært lærerikt, og bestefar og bestemor var deira store og gode læremeistarar. Løna som vanka var sjølvsagt ogso ein del av lærdommen om at hardt arbeid skal lønna seg.
På garden var det alltid behov for reperasjonar av utstyr og bygningar. I tillegg til å vera ein dyktig snekkar, lærte bestefar seg også kunsten å sveisa. Mang ein gong når traktorreiskapar vart øydelagde, fann Bestefar fram sine kreative evner og sveisa utstyret saman att. Han hjelpte óg naboane når dei hadde behov for slike reparasjonar.
Bestefar var motorinteressert, og likte å halda bilane, traktorane og dei motoriserte reiskapane sine i god stand. I garasjen eller på tunet stod alltid den beste bilen i verda.
Bestefar likte å fiska både på sjøen og på fjellet, og han gjekk mykje på jakt. Han jakta på hjort, rein, ryper og anna småvilt.
Bestefar var også musikalsk, og i ein periode spela han jamleg opp til dans i Brekkes trio. Hovudinstrumentet til Bestefar var gitar. I tillegg prøvde han seg litt på fiolin. Onkel Otto og pappa har begge arva interessa for musikk; Otto spelte el-gitar, medan pappa spelte bass. Onkel og pappa spelte saman i bandet «Formel V» på 80-talet og i ein periode etter at me flytta heim til Vangsnes. Pappa har framleis musikken som hobby.
Bestefar likte godt å drive med møbelsnekring på den fritida han hadde. Han bygde og dreia mange ulike møblar og pyntegjenstandar som me har stor nytte av kvar einaste dag.
På åttitalet bygde familien hytte på fjellet, på stølen Kalbakk. Nytt fjøs på garden stod ferdig i 1981, og mesteparten av arbeidet var utført av bestefar med god hjelp frå onkel Otto, pappa, familien elles og gode naboar.
Med gardsdrift var det ikkje rom for mange eller lange utalandsreiser. Familien på fire drog heller på turar i nærleiken. Overnatting på Campingplassar og hjå syskena til Bestefar, som hadde busett seg rundt heile landet, var kjærkomne avbrekk frå ein travel kvardag. Bestefar og bestemor drog også med hurtigruta til Sjøvegan for å besøkje eldste systera Nina og svogeren der. Dette var ein fin tur som dei delte mange gode minner frå.
På nittitalet byrja det å koma barnebarn. Linda vart fødd 1993. I 1995 kom Stine, medan minstemann Martin, altså eg, vart fødd i 2000. Bestefar likte godt oss tre barnebarna, og det var alltid stas å få besøk av oss. Frå 2001 fekk han sjå oss oftare, når heile familien min flytta attende til heimstaden til pappa, og bygde hus i tilknyting til heimgarden hans. I 2002 vart gardsdrifta avvikla.
I 2017 måtte bestefar flytta til Vik bygde og sjukeheim. Bestefar hadde då utvikla demens. Onkel Otto flytta, litt seinare same år, til omsorgsleilegheit i Vik, på grunn av utfordringar med helsa. Otto og bestefar hadde nær dagleg kontakt med kvarandre. Dei hadde det fint saman, og fann stor glede i kvarandre sitt selskap. Bestefar beheldt sitt gode humør heilt fram til den siste tida. Det var kjekt å få besøk av bestemor, mamma, pappa, dei tre barnebarna og det vesle oldebarnet, Astrid.
Astrid vart bestefar og bestemor sitt første oldebarn, og ho kom til verda i mars 2022. Bestefar sette stor pris på å møte det fyrste oldebarnet sitt, og å få møta henne heilt fram til like før han døydde.
Det siste året vart bestefar råka av fleire tilfelle med infeksjonssjukdomar. Infeksjon med coronaviruset takla han greitt, men etter dette vart han fleire gonger innlagt på Voss sjukehus, og behandlinga han fekk slo heldigvis sjukdommen tilbake.
Rundt sist månadsskifte vart bestefar på ny råka av sjukdom, og denne gongen responderte han ikkje på medisinane, trass at legane prøvde alle alternativ som var mogeleg å prøva. Familien blei tilkalla, og var på besøk kvar einaste dag den siste veka. Siste kvelden fekk alle me familiemedlemmane, som bestefar var van med å ha rundt seg, teke eit siste farvel med han. Han sovna stille og fredeleg inn rundt kl. 2 natt til onsdag 8. februar.
Me lyser fred over bestefar Sigve sitt minne.
Vis mer
Vis mindre